Nå har 40 prosent av mjølkebøndene i Bjerkreim ein robot til å ta seg av mjølkinga. I eit av fjosa klypte ordførar Torbjørn Ognedal snora hos sonen sin, Oddbjørn Ognedal. Grude Bygg har hatt ansvar for å bygja det nye fjoset.

Får Dalande Tidene, 17. nov 2017

I sommar utstyrte firmaet Fjøssystemer Vest AS fire nye fjos i Bjerkreim med mjølkerobot. To av dei var nybygg. Eitt var ein kombinasjon av gammalt bygg og påbygg.

Dei sørgde i sist veke for at det blei ein liten opningsseremoni ved kvart fjos. Ordførar Torbjørn Ognedal klypte snora, og alle som ville kunne få vera med på synfaring. Eit følgje på rundt 200 personar var med og kikka på alle dei fire fjosa.

 

 

Bjerkreim bondelag har hatt fokus på korleis bønder som har moderat store mjølkekvoter skal klara å greia seg sjølv om dei byggjer heilt nye fjos. I vår gjekk bondelaget, Tine og Nortura i bresjen for eit inspirasjonsmøte for mjølkebønder. Ein av ideane som blei presenterte, var at bøndene kan spe på med ammekyr for å få økonomien til å gå rundt.

Kjetil Slettebø i Fjøssystemer tenkte at det å visa fram fjos som er utstyrte med mjølkerobotar, ville vera ei fin vidareføring av initiativet til bondelaget. Til liks med bondelaget er han opptatt av at bøndene i distriktet skal kunna driva vidare på ein forsvarleg måte med den jorda og den kvoten dei har.

Det var 88 mjølkebruk i Bjerkreim ved årsskiftet. Det er ein nedgang på 73 bruk sidan tusenårsskiftet. Men det blir fleire kyr per mjølkebruk. I år er det 28 kyr per bruk. I 2001 var det 16 kyr per mjølkebruk i Bjerkreim kommune.

Lausdriftkravet er utsett frå 1. januar 2024 til 1. januar 2034. Utsettinga gjeld for fjos som er bygde eller ombygde i perioden mellom 31. desember 1994 og 22. april 2004.